Generell informasjon

Martin Linge-huset

Idrettshall - Klikk for stort bilete Martin Linge er eit sterkt symbol på andre verdskrig, og han budde på Linge til han var 8 år. Han hadde sterke knytingar til staden gjennom heile livet. 

I tillegg var han teatermann og fagforeiningsmann, og var svært opptatt av å arbeide fram felles goder. Han var også opptatt av idrett og fysisk aktivitet.

 

I 2016 er det 75 år sidan Måløyraidet der Martin Linge spelte ei heilt sentral rolle. Det blir arbeidd med å etablere eit senter i Måløy for å dokumentere denne historia. Ved å knyte Martin Linge til den nye storstova i kommunen, så synleggjer vi at historia om han starta her. Det vil også vere eit namn med positiv klang som folk raskt relaterer til Norddal kommune og der ein får sameint både idrett og kultur på ein symbolsterk og lokalt forankra måte."