Nyheiter ML
Nyheiter ML
Publisert 12.04.2019

Fjøsstellet unnagjort og klar for fest

Publisert 10.04.2019

Etter programmet på Bygdafesten blir det dans med SPARK frå Skodje

Publisert 09.04.2019

Billettsalet går mot slutten.

Publisert 02.04.2019

Har du sikra deg billett?

Publisert 23.03.2019

Førehandssal av billettar til årets Bygdafest er i gang på Sylteormen bakeri.

Publisert 20.03.2019

Brukarlaget for Martin Linge-huset bestemte i møte i går kveld at sosialt rom frå no av skal heite Lagsrommet. Den utlyste namnekonkurransen resulterte i 4 forslag, der Lagsrommet var eit av desse. Styrkerommet skal framleis heite Kompanirommet. Då er det berre å begynne å ta namna i bruk.

 

 

 

 

 

Publisert 19.03.2019

Latteren sat laust i kultursalen på søndag. Lune og gode historier av Ole Grønning vart gjenfortalt av slekt, naboar, jaktvener og andre. I overkant av 100 personar hadde møtte opp og fekk ei fin stund ilag. Overskuddet frå denne kvelden vart på kr 15.650, som går rett inn på gåvekonto til Martin Linge-huset, og vil bli forvalta på ein god måte.

 

 

 

Slekt, naboar, jaktvener og andre stilte på og gjenfortalde gode historier.

Publisert 05.03.2019

Etter initiativ frå Svein Linge, inviterer Brukarlaget for Martin Linge-huset inn til forteljarkveld i kultursalen søndag 17. mars kl. 1700. Her får vi høyre gode historier av Ole Grønning, gjenfortalt av slekt, naboar, jaktvener og andre. Sal av kaffi og kaker v/Valldal bygdekvinnelag. All inntekt går til Martin Linge-huset.


 

Publisert 14.02.2019

Dugnadsånda er i aller høgste grad til stades. Ein positiv gjeng stilte onsdag ettermiddag/kveld opp og la tarkett på golvet på "styrkerommet". I løpet av nokre timar var jobben gjort.

 

Publisert 11.02.2019

Vi registrerer der er stort engasjement ute og går når det gjeld namnevalg på nokre av romma på Martin Linge-huset. Engasjement er bra! Vi treng gode forslag til både til sosialt rom og styrkerom. Vi har sett frist fram til 15. februar. Send forslag til e-post: martin.linge.huset@norddal.kommune.no