Nyheiter ML

Korpsmusikk, lotteri og gode kaker

Klikk for stort bilete Martin Linge-huset var fylt av glade musikantar og drilljenter i helga. Øvingshelga vart avslutta med marknad søndag ettermiddag.

Valldal skulekorps hadde invitert med seg Stordal skulekorps og Stranda skulekorps til felles øvingshelg. Helga vart brukt til å øve inn felles songar som vart framført på marknaden på søndagen. Drilltroppen leverte òg eit flott innslag. Det vart etter kvart trangt om plassen i kultursalen.