Nyheiter ML

The Brass Brothers

I samband med 50-års jubileet til Valldal skulekorps kom sjølvast The Brass Brothers til Valldal og held seminar og konsert helga 8.-9. desember. Helga vart avslutta med konsert på Martin Linge-huset.Konsert med Brass Brothers - Klikk for stort bilete

Seminaret var for musikantar, støttemedlemmar og aspirantar i Valldal skulekorps. Korps i skulen elevar var også inviterte, i tillegg til musikantar og aspirantar frå andre korps i "nabobygdene". Helga vart avslutta med ein flott konsert i kultursalen på Martin Linge-huset, der The Brass Brothers hadde ei eiga avdeling, i tillegg til fellesnummer.