Støkk i bygda

Årets bygdafest vart nok ein suksess. Fullt hus, og god stemning viser at dette er ein viktig møteplass for bygda.

Bilde av folk på scene - Klikk for stort bilete

Palmehelga var det mobilisert til nok ein stordugnad for å få inntekter til utstyr og inventar til Martin Linge-huset.

Tema i år var “Støkk i bygda”, og det vart konkludert med at det er ikkje så verst å bo på bygda berre ein huskar å leve livet.

I år stilte programgjengen med fullt husband, og dei fortsette å spele til dans etterpå. Her var det god stemning og fullt dansegolv.

Ein kreativ gjeng på scena som verkeleg byr på seg sjølv, god samordning av brukarlaget og solid dugnadsinnsats av brukargruppene på huset gjorde dette til ein minnerik kveld.

Vi takkar for ei strålande helg, og ser fram til å sjå nye ablegøyer neste år.